Her er eg igjen!

Nå er det mest eit år sidan eksamen vart levert og like lenge har bloggane mine kvilt. Eg var heilt tome den første tida etterpå og det var vanskeleg å finna noko å skriva om då. Nå er eg klar til å fortsetja. Men kva det skal handla om veit eg ikkje sikkert…..

Advertisements

september 25, 2010 at 9:59 pm Kommenter innlegget

fklnej

november 8, 2009 at 2:30 pm 2 kommentarar

Å laga video!

Eg har brukt nokre dagar på å redigera eit intervju eg gjorde til vaskemaskin-bloggen. Det er løye kva tid ting tar..  Videokameraet til Jærmuseet var nytt og lett og greit å bruka. Intervjuet vart kopiert inn to plasser (heldigvis). på nettverket på jobb og heime. Heime -for å kunne sjå gjennom den lange filmen i fred og ro. På jobb fordi der har me Pinnacle redigeringsprogram.

Heime kunne eg både sjå og høyra intervjuet. Men på min maskin på jobb fekk eg ikkje fram nokon ting. På ein annan maskin kunne eg sjå, men ikkje høyra. Og på den maskinen der redigeringsprogrammet var lagt inn kunne eg heller ikkje få opp filmen. Dette fann eg ut då eg hadde reist ekstra ned på lørdag for å gjera dette i fred og ro… Og etter ein del frustrasjon så køyrde eg derifrå. Men innom butikken og kjøpte med meg ein nyare versjon av Pinnacle til meg sjølv!

Då gjekk det bra!

Men eg har lagra filmen ein del gonger -i ulike format. Den første vart for stor til å lasta opp på Youtube og aaaaltfor stor til å senda som vedlegg på e-post. Så laga eg ein som vart så liten at kvaliteten vart kjempedårleg – og så laga eg ein som er midt i mellom og den håper eg kan brukast!

Akkurat nå er den minste sendt på mail til godkjenning hjå «intervju-objekta».

Dette høyrdest kanskje ut som klaging. Men det er det ikkje meint som. Poenget er at eg er heilt hekta! Eg vert sitjande utover nettene og om dagane bare klør det i fingrane etter å få ro til å fortsetja med dette……..Men det er ein jungel av ulike format og eksemplar og variasjonar og programvare som me kjem borti når me har ulike datamaskinar av ulik årgang å forhalda oss til.

november 4, 2009 at 10:29 pm 2 kommentarar

Kraft X Arm på potetopptak

Sist veke laga me ein liten digital historie på jobb. Den skal vera bidraget frå Jærmuseet, Vitengarden og presenterast på ei samling for vitensentera.

Men her får de ein forsmak.

Den er laga av Helene Ø. Larsen, Anne Jorunn Frøyen og meg.

oktober 26, 2009 at 5:16 pm 3 kommentarar

Sundag kveld

Eg sit som vanleg og hoppar rundt på ulike bloggar og nettsider medan eg tenkjer på korleis eg skal utvikla mine tema. Det vert nok sånn at denne bloggen vil bare vera min «tenkje og rolse» blogg. Der eg samlar diverse og prøver ut litt av kvart. Det er faktisk ganske gildt….

Så får eg prøva å utvikla vaskemaskin-bloggen i retning av det eg ønsker med min temaoppgave. Det er difor veldig kjekt om de ser innom begge to av og til.

Eg har hatt ei herleg helg utan nokon spesielle planar bestemt på førehand. Eg har difor både fått arbeidd litt med blogg og litteratur, vore på musical (Kamilla og tyven) og kino (Lillebror og Knerten)  med ungane. Og på salsutstilling med Klara Pil og Viola Krans. Og gått tur -kjempehelg!

Sjekk plakaten til utstillinga

Flott hauststemning:

oktober 25, 2009 at 8:55 pm 1 kommentar

Vaskemaskin-blogg

I går oppretta eg min vaskemaskin-blogg. Den er heilt i utprøvingsfasen. Eg har hoppa mellom mange ulike tema for å finna ei utforming som passar. Men eg har truleg ikkje funne den rette endå.

Når det gjeld innhald har eg starta med ei slags framside og er så vidt igang med dei første «sidene». Nå hadde det vore gildt om eg snart hadde hatt klar noko spanande som folk kunne funne fram til og så kome med kommentarar og historiar…………

Ellers sit eg endå i lange periodar ved datamaskinen og klikkar meg rundt utan at eg etterpå veit om eg har gjort noko nyttig eller lærerikt?

Vaskemaskin-bloggen finn du forresten her:

oktober 19, 2009 at 8:13 pm 2 kommentarar

Arbeidskrav

Her er det bare å velja fritt frå bloggen min…..!

Men dei eg «trur er best» til nå er desse: 

(Alle utanom presentasjonen 8-vaskaren finn de her på bloggen)

Filmen «Vann i byrom»

«8-vaskeren»

bloggsida «Vaskemaskiner – temaoppgave»

innlegga: «Siste sundagen for iår»

og «Kvelden før ny samling i Oslo»

oktober 14, 2009 at 9:33 pm 2 kommentarar

Eldre innlegg


november 2017
M T O T F S S
« Sep    
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930  

Siste kommentarar

Jorunn på Å laga video!
ingeborgns på
plinius
PliniusÅ laga video!
Jorunn på Kraft X Arm på potetoppta…