Vaskemaskiner – temaoppgåve
8-vaskaren
Temaoppgaven er nå å finna på bloggen 8-vaskaren
Hensikt: Å presentera ein av gjenstandane i museet sine samlingar som kan fortelja mange ulike historiar. – Som kan setjast i fleire ulike samanhengar.
Målgruppe: “Lokalhistorisk og kvardagslivs interesserte menneske”. Eg har heile tida hatt lokale lag og foreiningar i tankane. Men håper og sjølvsagt å få til noko som kan interessera skuleelevar.
Museet hadde for nokre år sidan ei sommarutstilling kalla ”Vatn, såpe og sterke arbeidsnevar – klesvask før i tiå”. Det var ei enkel lita utstilling som synte litt av klesvasken si historie. Her var vaskestampar av tre og zink og vaskebrett av glas, tre og metall. Frå museet sine samlingar hadde me funne fram fleire vaskemaskinar og eit par ”vaskestavar”. Av vaskemaskinane hadde me både heimelaga, lokalproduserte og fabrikkproduserte maskinar. Desse var stort sett frå 1950 – talet. Fleire av dei tidlege vaskemaskinane vart laga i bedrifter og verkstadar her på Jæren.
Me hadde og ein ”vaskedag” der me kokte såpe, vaska klede i stamp og brukte vaskebrett.
Det såg ut til at dette kvardagslege temaet fenga mange. Dette var eit emne somdei fleste hadde erfaringar med og me fekk mange kommentarar på.
Ein av dei maskinane som fekk mykje oppmerksomhet i utstillinga var den såkalla ”8-vaskaren”. Den vart produsert av Trygve Kverneland frå 1950. Denne vaskemaskina er valt som utgangspunkt for dette opplegget.
Vaskemaskinen er laga av tre og har elektrisk motor. Sjølve vaskebehaldaren er ei oval tretønne, med luke oppå. Denne heng i ein treramme eller stativ. Når maskinen ikkje er i bruk kan ein lukka ned eit hengsla lok og det vert som eit bord. Museet sin maskin står til vanleg plassert i kjellaren. Med voksduk over fungerer den som bakstebord. Det var vanleg før at vasking og baking føregjekk i same rom, men på ulike dagar.
Namnet ”8-vaskaren” fekk den på grunn av bevegelsen vatnet gjorde i den ovale tønna. Den gjekk som om den teikna eit liggjande åtte-tal eller teiknet for uendeleg. Dette vart rekna som ein skånsom vaskemetode. Betre enn andre modellar med trepinnar eller skovlar som bevega seg i tøyet.
I ein annonse heitte det: ”Spar deg selv og tøyet for unødig slit ved å kjøpe 8-vaskaren. Vasker alle slags tøy, fra gardiner til ullklær, uten minste slitasje eller tøving.” Trygve Kverneland laga omlag 200 slike maskiner og i ein priskalkyle frå 1951 står det at den kosta kr. 690,-
Denne maskinen og temaet klesvask trur eg vil eigna seg godt til digital formidling.
Me kan bruka mange innfallsvinklar:
Som ei nettutstilling med
Film der me ser 8-vaskaren i gang. Først førebuingane då tretønna
måtte setjast i vatn ei stund for å halda tett og så korleis den beveger seg i åttetal medan den vaskar. Etterpå skyljing og opphengjing av kleda.
Såpekjemi
Såpekoking-prosessen på film. Såpa var kokt etter ei oppskrift frå siste krigen. I oppskrifta var det sauefeitt, kaustikksoda og tilslutt lavendel for å få god lukt.
Litt om klesvasken si historie der me prøver å setja 8-vaskaren inn i ein slik samanheng. Kor viktige var vaskemaskinen i husmora sin arbeidsdag? Sjølv om dei med denne typen vaskemaskin fortsatt måtte varma vatn og skylja klede før dei vart hengde til tørk, så forenkla dei arbeidet og slitet mykje. Og den fekk ei rask utbreiing. Det var heilt uvanleg med vaskemaskin før krigen. Men allereie i jordbruksteljinga frå 1959 ser ein at 53 % av hushalda hadde vaskemaskin.
Etter krigen importerte dei ein del vaskemaskinar, men det var først då norske bedrifter starta produksjon utetter femti åra at utbreiinga skaut fart. I tillegg til større bedrifter var det og mange små snekkerverkstadar og snekkerkunnige som laga sine variantar. Her kunne både tretønner og lannkasser få nytt liv.
Samanlikna 8-vaskaren med andre vaskemaskinar; fabrikkproduserte, lokalproduserte og heimelaga.
Noko historie om Trygve Kverneland som produserte vaskemaskina. Han starta bedrifta som i dag heiter tks og er mest kjent for å produsera maskinar og reiskap til landbruket. Tks har idag fire avdelingar: tks agri, tks løft, tks heis og tks mekaniske. Øverst på nettsida deira står det ”tks for landbruk, industri og bygg i mer enn 75 år”.
Kva har dei drive med i desse 75 åra? Det hadde vore fint om me kunne presentert mellom anna produktkatalogar, prislister og reklameplakater. I ein annonse frå 1987 har dei plukka ut nokre av produkta sine som viser litt av variasjonen. Her er 8-vaskaren saman med sakser, kjettingtalje, potetopptakar, høykanon og traktorhøvel (til snørydding). Opphavet til bedrifta var ei gardssmie frå 1880-talet der dei laga ljåar, sigder, knivar og sakser. Ny fabrikk vart bygd i 1937. Dei har heile tida utvikla nye produkt i takt med tida.
Eg trur det er mange endå som huskar godt då 8-vaskaren eller tilsvarande maskinar var i bruk. Og andre som kan huska at den stod nedstøva i ei krå, men var altfor verdifull og god til å hivast. Eg trur og at det er mogleg å få fram informasjon om kor dei vart brukt og kven som hadde slike rundt i nærmiljøet. På ”digitalt fortalt” er det endå ingen som har lagt inn historiar med emneord vaskemaskin og klesvask.
Me må difor på denne nettsida laga ein blogg eller kommentarfelt slik at folk kan koma med sine historiar og minne.
Og som eit oppfylgjingsprosjekt er det kanskje mogleg å engasjera enkeltpersonar eller lag og foreningar til å samla historiar om klesvask og vaskemaskinar. Og som vil arbeida vidare – gjerne saman med museet slik at desse vert tekne vare på og at kanskje eit utval av desse vert lagt ut på nettsida og/eller digitalt fortalt.
Dette er eit tema som nok kan vera aktuelt på medlemsmøte og studieringar i ulike lag og foreningar, som til dømes bygdekvinnelag, bondelag, historielag der nettsida kan fungera som ein innfallsport, og som kanskje igjen kan føra til fleire og nye historiar.
Temaet kan lett tilpassast og brukast i andre grupper og samanhenger.
Tidsplan:
Veke 37 – 38: Veldig travelt på jobb + tur til Warszawa + tenkestadie
Veke 39: Konkretisera oppgaven meir – skriva – lesa og surfa på pensum
Veke 40: Førebu kort presentasjon, samla stoff, litteratur…, besøk hjå Tønes Kverneland
Veke 41: Skule
Veke 42:
Veke 43: Åmøy og fotografera vaskemaskiner i samlinga vår.
Veke 44:
Veke 45:
Veke 46:
Veke 47: Presentasjon HIO

Trackback this post | Subscribe to the comments via RSS Feed