Limagarden – mat og helse
Onsdag 9. september 09 hadde me koseleg besøk på Limagarden av elevar frå den vidaregåande skulen Noroff Instituttet i Stavanger. Tema for dagen var “mat og helse”. Det vart snakka mykje om kaloriar, karbohydrat, feitt, brus, gode og dårlege matvanar.
Etter ein teoretisk del, laga me mat ilag. Utgangspunkt var råvarer frå hagen. Kva har me tilgjengeleg og korleis kan me på ein enkel måte laga velsmakande godsaker til dessert og kos?
På menyen stod eplepai, vanijekrem, råsaft av stikkelsbær, kokt blandingssaft, kokt plommesyltetøy, rørt bringebærsyltetøy, rabarbragrøt og stikkelsbærgrøt.
Tilslutt hadde me eit godt måltid ilag ute i haustsola.
Me håper med slike opplegg mellom anna at ungdommen skal verta litt bevisste på kva dei et og drikk. Og at dei tenkjer over ulike etiske spørsmål ved matproduksjon, varetransport, bruk av tilsetjingsstoff, sukker osv.
Det er og fint om me kan gje litt matglede og inspirera elevane til å fortsetja med å laga mat av friske, sunne, naturlege råvarer.
Trackback this post | Subscribe to the comments via RSS Feed