Å laga video!

november 4, 2009 at 10:29 pm 2 kommentarar

Eg har brukt nokre dagar på å redigera eit intervju eg gjorde til vaskemaskin-bloggen. Det er løye kva tid ting tar..  Videokameraet til Jærmuseet var nytt og lett og greit å bruka. Intervjuet vart kopiert inn to plasser (heldigvis). på nettverket på jobb og heime. Heime -for å kunne sjå gjennom den lange filmen i fred og ro. På jobb fordi der har me Pinnacle redigeringsprogram.

Heime kunne eg både sjå og høyra intervjuet. Men på min maskin på jobb fekk eg ikkje fram nokon ting. På ein annan maskin kunne eg sjå, men ikkje høyra. Og på den maskinen der redigeringsprogrammet var lagt inn kunne eg heller ikkje få opp filmen. Dette fann eg ut då eg hadde reist ekstra ned på lørdag for å gjera dette i fred og ro… Og etter ein del frustrasjon så køyrde eg derifrå. Men innom butikken og kjøpte med meg ein nyare versjon av Pinnacle til meg sjølv!

Då gjekk det bra!

Men eg har lagra filmen ein del gonger -i ulike format. Den første vart for stor til å lasta opp på Youtube og aaaaltfor stor til å senda som vedlegg på e-post. Så laga eg ein som vart så liten at kvaliteten vart kjempedårleg – og så laga eg ein som er midt i mellom og den håper eg kan brukast!

Akkurat nå er den minste sendt på mail til godkjenning hjå “intervju-objekta”.

Dette høyrdest kanskje ut som klaging. Men det er det ikkje meint som. Poenget er at eg er heilt hekta! Eg vert sitjande utover nettene og om dagane bare klør det i fingrane etter å få ro til å fortsetja med dette……..Men det er ein jungel av ulike format og eksemplar og variasjonar og programvare som me kjem borti når me har ulike datamaskinar av ulik årgang å forhalda oss til.

Oppføring arkivert under: Uncategorized. Stikkord: .

Kraft X Arm på potetopptak

2 kommentarar Add your own

  • 1. Plinius  |  november 5, 2009 ved 12:07 pm

    Hei:

    Veldig OK innlegg. Jeg synes ikke det høres ut som en klage, men som en meget realistisk – og motiverende – beskrivelse av hva dette i praksis dreier seg om.

    Alt arbeidet, all mangfoldigheten, og det at vi må finne ut så mye på egen hånd – it’s not a fault, but a feature.

    Svar
  • 2. Jorunn  |  november 26, 2009 ved 8:48 am

    No sit eg og Torbjørn på forelesning. Me har akkurat pause, så då nytter me sjangsen til å stikka innom denne flotte vaskemaskinbloggen. Han er mektig imponert av arbeidet du har gjort. Skulle og helsa fra han :)

    Skulle egentleg kommentera inne på vaskemaskin-bloggen,men det fekk eg ikkje til.

    Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


 

november 2009
m ty o to f l s
« Okt   Sep »
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30  

Siste kommentarar

Jorunn på Å laga video!
ingeborgns på Neste post
pliniusNeste post
PliniusÅ laga video!
Jorunn på Krans-120_t

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.