Arkiv for november, 2009
Å laga video!
Eg har brukt nokre dagar på å redigera eit intervju eg gjorde til vaskemaskin-bloggen. Det er løye kva tid ting tar.. Videokameraet til Jærmuseet var nytt og lett og greit å bruka. Intervjuet vart kopiert inn to plasser (heldigvis). på nettverket på jobb og heime. Heime -for å kunne sjå gjennom den lange filmen i fred og ro. På jobb fordi der har me Pinnacle redigeringsprogram.
Heime kunne eg både sjå og høyra intervjuet. Men på min maskin på jobb fekk eg ikkje fram nokon ting. På ein annan maskin kunne eg sjå, men ikkje høyra. Og på den maskinen der redigeringsprogrammet var lagt inn kunne eg heller ikkje få opp filmen. Dette fann eg ut då eg hadde reist ekstra ned på lørdag for å gjera dette i fred og ro… Og etter ein del frustrasjon så køyrde eg derifrå. Men innom butikken og kjøpte med meg ein nyare versjon av Pinnacle til meg sjølv!
Då gjekk det bra!
Men eg har lagra filmen ein del gonger -i ulike format. Den første vart for stor til å lasta opp på Youtube og aaaaltfor stor til å senda som vedlegg på e-post. Så laga eg ein som vart så liten at kvaliteten vart kjempedårleg – og så laga eg ein som er midt i mellom og den håper eg kan brukast!
Akkurat nå er den minste sendt på mail til godkjenning hjå “intervju-objekta”.
Dette høyrdest kanskje ut som klaging. Men det er det ikkje meint som. Poenget er at eg er heilt hekta! Eg vert sitjande utover nettene og om dagane bare klør det i fingrane etter å få ro til å fortsetja med dette……..Men det er ein jungel av ulike format og eksemplar og variasjonar og programvare som me kjem borti når me har ulike datamaskinar av ulik årgang å forhalda oss til.
Siste kommentarar