Arkiv for oktober 25, 2009
Sundag kveld
Eg sit som vanleg og hoppar rundt på ulike bloggar og nettsider medan eg tenkjer på korleis eg skal utvikla mine tema. Det vert nok sånn at denne bloggen vil bare vera min “tenkje og rolse” blogg. Der eg samlar diverse og prøver ut litt av kvart. Det er faktisk ganske gildt….
Så får eg prøva å utvikla vaskemaskin-bloggen i retning av det eg ønsker med min temaoppgave. Det er difor veldig kjekt om de ser innom begge to av og til.
Eg har hatt ei herleg helg utan nokon spesielle planar bestemt på førehand. Eg har difor både fått arbeidd litt med blogg og litteratur, vore på musical (Kamilla og tyven) og kino (Lillebror og Knerten) med ungane. Og på salsutstilling med Klara Pil og Viola Krans. Og gått tur -kjempehelg!
Sjekk plakaten til utstillinga
Flott hauststemning:







Siste kommentarar