Arkiv for september, 2009

Meir Temaoppgave

Det er mykje vaskemaskinar og liknande som sviv i hovudet mitt for tida, sjølv om eg ikkje har fått skrive så mykje konkret her i bloggen. Eg har nok og kjent på ganske mykje usikkerhet og frustrasjon over kva dette skal verta til, desse vekene etter at eg kom heim.

Men arbeidet ruslar framover. Eg har fått diskutert litt… på jobb og fått noko tilbakemeldingar, tips og idear der.

Eg har kome til at eg nok satsar på ein “vaskemaskin-blogg”. Som eg håpar kan knytast til museet si heimeside m.m.

Eg har nettopp lese ferdig rapporten om mobile og sosiale teknologier. Den var veldig nyttig for meg. Mange av dei spørsmåla eg har grunna på her med meg sjølv vart tekne opp i denne.

Torsdag skal eg både ut og fotografera litt, og intervjua litt. Eg har samla noko litteratur, jaktar på foto osv.

Så nå er det mest som eg byrjar å gleda meg til å reisa til Oslo igjen.

september 29, 2009 at 10:20 pm Kommenter innlegget

Siste sundagen for i år!

Sundag  markerte me avslutning for sesongen på Grødaland i år.

Det vart ein koseleg dag der me fekk smaka på ferske eplekake (potetkaker) og nykinna smør.

I det andre huset stod stemningen i taket. Der hadde ein ivrig gjeng funne fram krågekorta og spelet gjekk lystig til høglytte kommentarar og høge latterutbrudd. Me veit ikkje kor namnet kråga kjem frå , men ein av publikum meinte det måtte koma av at det haurest ut som ein flokk kråker var samla rundt bordet.

Mange hadde funne vegen ned for å læra seg spelet -eller friska opp gamle minner.

Me hadde og som vanleg Alf Næsheim med. Han vert aldri trøytt av å formidla Daldøs – spelet til nye generasjonar.

Er det forresten nokon som har gamle Daldøs-spel liggjande, eller som kan huska at det vart spelt, eller har historiar om at det vart spelt, så ta kontakt, please! Det er veldig interessant å få registrert. Før det vert forseint……

Me spelte og både kogre, putti og diverse trådleikar på sundag.

Nå er det tida for at museet skal “pakkast ned” til vinterdvalen.

Alf Næsheim speler daldøs på Grødaland i 2008

Alf Næsheim speler daldøs på Grødaland i 2008

Eg googla “daldøs” og fekk overraskande mange treff.
Blant anna ein fyldig dansk artikkel på Wikipedia.

Eg vil og anbefala artikkelen frå årboka til Jærmuseet

september 29, 2009 at 9:56 pm Kommenter innlegget

Temaoppgaven

Eg er fortsatt kopla på oppgaven om vaskemaskinen. Men det er ikkje klarare for meg korleis. Eg har surfa på nettet for å sjå korleis andre gjer det.

Men er ikkje klar til å setja opp ein skikkeleg – foreløpig plan endå.

Det er litt på grunn av at dagane har vore temmeleg fylt opp av andre gjeremål – både kvardagar  og helg.

Og at eg har lyst til å eksperimentera litt med verktøya, som til dømes å få elevane til å blogga etter undervisningsopplegg.

september 13, 2009 at 8:42 pm 3 kommentarar

Læra med å gjera

I dag har me vore på Limagarden, som er ei av avdelingane til Jærmuseet. Her hadde me 6. og 7. klasse frå Oltedal skule på besøk. Opplegget var todelt. Eine gruppa rydda i kulturlandskapet og saga ved. Den andre laga mat av bær og frukt frå hagen. Me baka, safta og sylta. Og til slutt hadde me eit måltid ilag. Veldig kjekt å vera ilag med barn på denne måten. Dei er så engasjerte, positive og interesserte. Dette er eit av dei typiske “læra med å gjera” opplegga som me har kvart år. Og som nå er ein innarbeidd “kultur” hjå oss.

Nå sviv digital formidling i bakhovudet mitt mest konstant. Koss skal eg klara kopla over og finna ut av moglegheitane og gjera noko utfyllande, supplerande, engasjerande og ineressant på feltet. Eg kjenner på både forvirring og forventing til det vidare arbeidet med temaoppgaven.

september 8, 2009 at 8:42 pm 4 kommentarar

Heime igjen!

Nå er eg heime igjen etter ei innhaldsrik veke i Oslo. Det er mykje som skal fordøyast og prøvast ut av det me har lært.

Men først måtte litt praktiske ting i heimen ordnast. Vaskemaskinen har gått nokon omgangar. (Ikkje 8-vaskaren altså!) Og støvsugaren har fått snust iseg det meste av fluer og hybelkaniner som har samla seg i vinduskarmar og krokar gjennom veka…….

Og så er det gildt å treffa igjen familie!

div. 306div. 309

div. 106div. 236

Men då kvelden seig på idag så kjende eg abstinensen.

Eg måtte leita fram dataen og sjekka litt forskjellig!

september 5, 2009 at 8:09 pm 3 kommentarar

8-vaskaren

“Nettutstilling”

Utstilling m lenkjer til

  • “vaskehistorie”
  • Kva hadde vaskemaskina å seia for arbeidet til husmora.
  • Vaskemaskina si utvikling
  • Lokalproduserte maskiner
  • Produsenten tks – Trygve Kveerneland
  • Produktkataloger, prislister osv.

Såpe: – kjemi, såpekoking  (film), såpeurt

Laga variert side?

  • 8-vaskerenQuiz, biletspel, filmsnuttar

Kommentarfelt. Fortel din vaskehistorie!

Nettutstilling som kan stå for seg sjølv.

Men og brukt kombinert med gjenstandsutstilling og gjerne praktiske øvingar i formidling v besøk i museet.

Til dømes lag og foreningar som spør etter ulike tema til sine medlemsmøte,

og skuleklassar.

Oppfordra til å laga digitale fortellingar.

september 4, 2009 at 8:19 am 3 kommentarar

Jærbanen

september 3, 2009 at 1:26 pm 2 kommentarar

Info om Jærhuset

jærhus

I forbindelse med temaet byggeskikk i 9. klasse er det vanleg i skulane på Jæren å gje elevane i oppgave å finna stoff om Jærhuset. Her er fleire gode artiklar og bøker. Men kor skal du leita etter dette? Om elevane går inn på Kulturnett.no så er det ikkje mange treff på jærhus. På mitt søk fekk eg opp fem museumsanlegg med ein liten tekst der jærhus er nemnt. Dette vil kanskje endra seg snart sidan Kulturnett Rogaland endeleg er på veg inn nå. Det vert interessant å fylgja med og sjå korleis dette vil slå ut på til dømes eit søk på dette ordet.

Men då eg søkte på Google så fekk eg opp 1680 treff. Det er mange å orientera seg i, men ved eit raskt overblikk såg det ut til at sorteringa var veldig grei. Mellom dei første treffa var Wikipedia, Treveven og Jærmuseet sine sider. Wikipedia hadde ein grei kort tekst og linker til nokre av dei mest brukte bøker og artiklar om Jærhuset. Treveven hadde fine eksempelbilete av ulike bygningstyper og Jærmuseet har ein del stoff om emnet.   Ei av årbøkene til Jærmuseet har tema jærsk byggjeskikk og artiklane er scanna og lagt ut på nettet. Så her er meir enn nok stoff for ein elev som skal skriva oppgave om jærhuset. Før desse vart gjort tilgjengelege på nett hadde me eit skikkeleg renn av elevar eit par dagar kvart år. Dei kom til- eller ringde til museet for å spør etter stoff om Jærhuset. Lærarane tipsa om at det kunne vera lurt å kontakta jærmuseet for å få informasjon, og så var det opp til kvar elev å ordna dette sjølv. Dei første gongene dette skjedde sprang halve museet rundt og leita fram artiklar, kopierte og la til rette. Til me oppdaga at alle hadde fått same spørsmål, men frå ulike kantar. Nå er det kjempegreit å visa til nettsidene.  Dette var bare eit lite eksempel på ein arbeidssparande formidlingsstrategi!

september 2, 2009 at 2:25 pm Kommenter innlegget

Forventingar til kurset

Eg håper å verta kjent med- og tryggare på bruk av digitale verktøy.
Både for å gjera meir av museet sine samlingar tilgjengelege og
for å presentera ulike historiar, laga utstillingar osv.

Eg treng kort sagt å læra det meste innføre emnet digital formidling.

september 1, 2009 at 9:18 am Kommenter innlegget


 

september 2009
m ty o to f l s
« Aug   Okt »
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
282930  

Siste kommentarar

Jorunn på Å laga video!
ingeborgns på
plinius
PliniusÅ laga video!
Jorunn på Krans-120_t

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.